10 regulerte tomter til sals i Stavang i Sunnfjord

Kloppemyra er eit tomteområde like sør
for Stavang sentrum. 

Stavang er eit populært rekreasjonsområde 45 km sør-aust for Florø i Kinn kommune,
med rundt 100 fritidsboliger i tillegg til rundt 25 faste boliger.

Her er det kort vei til både sjøen og fjellet.

Tomtene ligg mellom 16 og 27 moh., og er mellom 34 og 200 meter frå sjøen.

2 av tomtene er regulerte som boligtomter, og 8 som fritidstomter.

Tomt 1: ca. 950 m2 – reservert boligtomt
Tomt 2: ca. 800 m2 – reservert fritidstomt
Tomt 3: ca. 1225 m2 – fritidstomt
Tomt 4: ca. 1100 m2 – fritidstomt
Tomt 5: ca. 970 m2 – fritidstomt
Tomt 6: ca. 800 m2 – fritidstomt
Tomt 7: ca. 770 m2 – fritidstomt
Tomt 8: ca. 970 m2 – reservert boligtomt
Tomt 9: ca. 1645 m2 – fritidstomt
Tomt 10: ca. 1 315 m2 – reservert fritidstomt

Kort avstand til sjøen

Avtale om rett til båtplass/naust

For dei som ønskjer seg naust/ båtplass i forbindelse med tomt er dette under arbeid.

Oppdatert informasjon om framgangen kjem i løpet av vinteren.

Gode turmoglegheiter

I Stavang er det kort veg til fjell og skog

Stavang er eit ynda mål for turgåarar. Her finn du markerte stiar for både korte skogsturar og lengre fjellturar.

Ønskjer du å gå ein kort kveldstur og sjå sola gå ned i havet kan du ta deg ein tur over «Åsen».

Dersom du vil ta med dei minste for å brenne bål med vakker utsikt over fjorden mot Stavøy, kan de ta dykk ein tur til Gapahuken på Liaflata.

Dersom målet er ein lengre tur med høgare intensitet samt fleire høgdemeter, er det merka stiar til både Hornfjellet og Skålefjellet.

For dei som ønskjer å sjå øyane i vest frå kommunens høgste punkt, Håsteinen på 961 m, kan ein også starte denne turen frå Stavang.

Utsikt fra Hornfjellet

Korleis vil du innrede?

Alt du treng i umiddelbar nærleik

I Stavang sentrum finn du:

– Daglegvarebutikk

– Bensin- og båtdieselsalg

– Kyrkje som vert brukt til ulike arrangement

– Haavetunet: utleige av lokale og overnatting til arrangement og ferie

– Grendahus med skule og barnehage

– Pub

Haaavetunet (trykk på bilete for å gå til nettstad)

Utsikta mot Stavang sentrum frå ei av tomtene

Tettstader i nærleiken

Florø: 45 km: Florø er kommunesenteret i Kinn kommune. Her finn du bl.a. cafear og butikkar, kystmuseum, golfbane, kino og bibliotek. Det vert også arrangert spennande aktivitetar som Våt moro-festivalen, konsertar, og for dei øl-interesserte kan ein besøke Kinn bryggeri – som også held til i Florø.

Førde: 50 km: Førde er den største handelsstaden mellom Bergen og Ålesund. Her er det fleire store kjøpesenter og eit rikt utvalg av butikkar. I Førde finn du også bl.a. skisenter for både alpint og langrenn, kunstmuseum, moglegheiter for rafting, golfbane og bowling. Kvar sommar vert det arrangert folkemusikkfestival i Førde.

Eikefjord: 20 km: I Eikefjord finn du daglegvarebutikk, elektrobutikk, frisør, bilverkstad og bensinstasjon.

Naustdal: 40 km: Naustdal har bl.a. daglegvarebutikk, bensinstasjon og interiørbutikk.

Andre stader i nærleiken: 

Svanøy: med daglegvarebutikk, lakseoppdrett og -røykeri og Norsk hjortesenter.

Vevring: med daglegvarebutikk og som arrangerer kunstutstilling kvar haust.

Interessert?

Ta kontakt på:

975 28 300

eller

post@kloppemyra.no